Simen Rotevatn studerer 3. året Music Management her på Rena. Det var vanskelig for han å velge mellom Musikkproduksjon og Music Management fordi han er veldig glad i å spille musikk og har tidligere spilt i flere band. Han valgte dette studiet og angrer ikke på det fordi han er over gjennomsnittet interessert i musikkbransjen.

10734090_10152844864766351_7532890149844594994_n

– Hvordan var førsteinntrykket ditt og hvordan er det nå?
Fyrsteinntrykket og intrykket no, er svært forskjelleg. Då eg kom hit var eg lite begeistra over sjølve plassen Rena. Her er tross alt berre ”skauv” og er ein liten plass, men faga vi har som er relatert til musikkbransjen, som musikkproduktet og musikkbransjen som vi har fyste året, er særdeles bra. Etterkvart som åra gjekk fikk eg mogelegheita til å studere eit halvt år i USA, som var veldig lærerikt, og har funne ut at du kan allereie bygge eit bra nettverk til og med her. Dei fleste bedrifter innanfor musikkbransjen kjenn godt til Rena som eg er heilt sikker på kjem til å vere til stor hjelp når det gjeld jobb, det er veldig mange som har gått her tidlegare som har fått fast jobb i musikkbransjen etter eit år eller to.

 – Hva synes du er mest spennende i studiet du har valgt?
Musikkbransjen! Det er ikkje så veldig mykje meir å seie om det, som ikkje er sagt. Men det å verte kjend med folk i klassa er spanande, for det er mange som allereie no er veldig aktiv i musikkbransjen, så berre det er eit veldig godt nettverk å ha seinare. Det vert litt kva du gjer det til sjølv, og det du gjer utanfor studie er også veldig viktig. Sjølv har eg med å blitt kjend med folk fått mogelegheita til å vere med på å starte og lage ein festival på Nesodden, kalla Lydfiskfestivalen, det hadde eg aldri fått sjansen til utan å gå her og bli kjend med folk, og lære av faga vi har.

– Hvordan vil du beskrive studentmiljøet og studiehverdagen?
Ettersom Rena er ein liten stad er det også eit godt studentmiljø. Du veit godt kven veldig mange er og du kan føle deg velkommen kor som helst. Studiekvardagen er kjekk om du gjer den kjekk. Du får mykje tid til å gjere andre ting enn å studere og timeplanen har ofte nokre dagar fri frå skule i veka. Mykje vert lagt opp til at du skal disponere tida sjølv, og etter mi meining synast eg dette berre er bra til seinare arbeidsliv, kor du må begynne å ta ansvar sjølv for at ting vert gjort. Ein ting verd å nemne er at du ikkje får fråvær, så du vel også sjølv om du vil møte opp i timen, eller ikkje.

– Er du fornøyd med lærere og undervisningsmåten?
Dette er noko som alltid varierer, men i det store og heile er eg nøgd. Spesielt i dei musikkrelaterte faga er undervisning kjekt, ikkje berre fordi det er interessant, men fordi vi får mykje eksempel på bransjen og etterkvart får praktiske oppgåver kor du skal utvikle ein artist og vise det fram til folk som jobbar i plateselskap som A&R. Då vi gjorde dette var A&R manageren frå Warner Music i Noreg og høyrde på det ferdige produktet.

– Hvor i arbeidslivet ser du deg selv om 10 år?
Då reknar eg med at eg har god nok erfaring og nettverk då til å bli manager for nokre band og få dei opp og fram i både Noreg og resten av verda. Dei fyste åra vil eg satse på festivalen og få meg ein jobb i eit plateselskap eller som arrangør for eit konsertlokale, for å få endå meir god erfaring og nettverk.

Eller kanskje eg lagar noko bra musikk som vert anerkjend og eg turnerar verda, kven veit?